Innkjøp av utstyr

Tok meg eit par dagar fri i påska for å få helgane til å henge saman, og fann ut at det var på tide å prøve å skaffe til vegs noko utstyr – eg måtte i alle fall skaffe meg hanskar og jakke med slør til kursdagen på Sotra den 24.4. På kurset får du ein slik ‘rabattkupong’ på ein startpakke frå Honningcentralen med inntil 20% rabatt på utstyret du kjøper fyrste gongen. Denne inneheld det mest essensielle:

  • Kassar (to heilkassar og ein halvkasse)
  • Tilhøyrande rammer – ferdig spikra
  • Botnbrett
  • Bitømmebrett
  • Isolasjon
  • Dronninggitter
  • Toppforar
  • Bifor (ei bøtte på 16 kg)
  • Byggevoks
  • Kubeskrape
  • Røykpustar
  • Hanskar
  • Bidrakt / jakke med slør
  • Dronningfangar

Eg kontakta då HC sin forhandlar her i Bergen – men det var lite utstyr han hadde på lager – så då vart eg desperat og ringte til ein forhandlar på Rennesøy.

Han kunne ta i mot meg og eg fekk det eg trengte der. Han hadde berre ferdigspikra halvrammer – så heilrammene vart det eit byggesett av. Då må dei spikrast og treast med tråd sjølv. Eg tenkte at det kunne vere eit fint prosjekt i påska. I tillegg fekk eg med meg ein slik elektrisk innsmeltar for festing av byggevoks til tavlene.

Det me har fått beskjed om på kurset er at det er lurt å male kassane både innvendig og utvendig for at dei skal halde lenger. Seinare har eg funne ut at det er slett ikkje alle som bryr seg med maling av kassar og det er til og med nokon som meinar det ikkje er bra. Eg malar i alle fall mine blå med bengalack.

Litt grisete vart det. Kost er ikkje å anbefala om du klarar å få fatt i ei skikkelig rulle. Vidare så brukte eg då påska på å få snikra saman og tredd rammene. Til halvkassen var dei ferdige og trengte berre innsmelting av voks – men heilrammene måtte snikrast saman. Det var kjekt dei fyrste tre gongene – så måtte eg ha radio og litt raud vin for å halde ut resten. Eg har enno ikkje funne noko rasjonell måte å legge inn og stramme tråd i rammene på – det er veldig klurete og ein blir sår på fingrane.

Birøktarkurs – andre kurskveld

Etter første kurskvelden – var det berre å lese det heftet me fekk utdelt – og betale kursavgifta. Etter ei tid fekk me innkalling til andre kurskveld – på samme staden.
Denne gongen vart me inndelte i grupper og me vandra rundt på ulike stasjonar. Fyrste plassen var ein gjennomgang av kubedelene, med alt frå botnbrett og dronninggitter til kubetak. Vidare så fekk me lov å vera med å smelte inn byggevoks i ferdigsnekra rammer.
Han hadde óg med seg ei utbygd tavle med litt av alt: lukka og open yngel, noko fôr (som kunne vore honning), og pollen.

Birøktarkurs – første kurskveld

Då var eg endeleg i gong! Dei to første kurskveldane skal me møtast påLangegården rett over Rema 1000 på Fjøsanger. Rundt 30 sjeler dukka opp. Det var mykje ulike folk – både yngre og vaksne – frå ulike stader i og rundt Bergen.

Først introduserte me oss sjølve og fekk helsa på dei som skulle læra frå seg. I hovudsak så var det ein litt yngre kar som heitte Lars, og Alf-Helge fråSøylands Biegard, samt ein frå New Zealand som heitte Chris og ein frå Øygarden som heitte Andreas. Dei to siste forstod eg meir skulle vera som ‘assistentar’ og hadde ikkje eigne innlegg. Sidsel passa tida og organiserte.

Me fekk utdelt materiale til bruk under kurset. Det var det nye heftet til Norges Birøkterlag – “Mitt første år som birøkter” , oversikt over kursdatoar og praktisk informasjon, samt ei jubileumsbok frå hunderårsjubileet til Bergenske Birøkterlag.

Det var heilt tydeleg frå byrjinga av at dette var nybegynnargreier. Dei viste dei ulike delene av ein bikube, inkludert rammer med og utan voks. Og me fekk sjå ein røykpustar.

Lars gjekk igjennom dei ulike delane av bisamfunnet – arbeidsbier, droner og dronningar – kva formålet deira var og korleis det heng saman. Dette var strengt tatt noko eg visste om frå før, men det er greit med repetisjon.

Det blir meir spennande å få sjå det ‘live’ ute i bigarden. Etter ein pause med kaffi og drøs – og sjølvsagt smaksprøvar av lokal honning, tok Alf Helge over og fortalte om dei ulike trekkplantene me finn her på vestlandet – litt om plassering av bigarden og om ulike sjukdommar som kan oppstå.

Alf Helge snakka óg om dei mange ulike reglane for birøkt i Noreg. Du kan ikkje flytte bier frå eitt fylke til eitt anna på grunn av Varroa . No er det ikkje noko Varroa i Hordaland (sidan 2011 i alle fall) , og det ynskjer dei å halde fram med. Det viser seg dessutan at det kan bli problematisk å skaffe bifolk med det første. Det er ikkje lov å flytte bier mellom 1. Mai og 25. September på grunn av fare for spredning av Pærebrann. Det finst ei forskrift frå Mattilsynet om dette her. Eg veit ikkje heilt korleis eg kva eg skal gjera med dette – om eg ikkje får fatt i bier før 1. Mai i år, så vert det altså ikkje noko honning denne hausten. Då får eg dei ikkje i hus før eg må innvintre dei.