Sesongstart 2019

Sesongen 2018 vart til slutt veldig god. Eg hausta over 220 kilo honning frå åtte kubar. To av dei hadde eg på lyngtrekk. Innvintring gjekk godt, og eg var streng på at dei skulle sitja trangt. Dette er noko eg har brukt tid på å læra meg, men det er flott å sjå at kubane kjem ut or vinteren sterke, og utan mygl på dei bakerste tavlene.

I testbigarden har det óg gått bra. Eg fekk dronningane i to omgangar, så dei som kom først, og fekk med seg slutten av sommartrekket, ser sterke og levedyktige ut. Den andre forsendinga med dronningar kom seint, og det var ikkje noko trekk i August på grunn av den ekstreme tørka, så dei vart ikkje særleg sterke til innvintring, og eg streva med å få i dei nok sukkerlake. Dei har fått hjelp no i våronna, men dei fleste har klart seg, og er i yngling.

I år starta sesongen 6. April, som er rekordtidleg for min del. Det var som vanleg spanande å sjå korleis det stod til. Ti kubar på Almås såg friske ut, og eg starta drivfôring med dryppforar og dei fekk i tillegg kvikkpoll. Dryppforarane er det noko mikk med, men dei fungerar godt, og resultata er positive. Frå ei veke til ei anna gjekk eg frå 2 til 8 tavler yngel i eine kuben.

I dag 20. April, måtte den sterkaste kuben få ny kasse, noko som er rekordtodleg. Dette er heimeproduserte dronningar frå ei nøye utvalgt dronningmor, og parra på Fitjar. Avlsresultata er ganske umiddelbare. Slike bier har eg ikkje hatt før. Dei er i tillegg enkle å stella. Det er veldig stas!

Sterkaste kuben fekk ny kasse 20. April. Her er det trangt.

Sesongstart 2018

Vinteren har vore tidvis kald, fin og tørr. Den har kanskje vore lenger enn den har vore dei siste åra. Den 12. April starta eg birøktsesongen 2018 ved å byte botnar, og fôre litt med pollenerstatning. Det er ca. to-tre veker seinare enn dei to førre åra i alle fall.

Kvikkpoll i plater. Eg klypper dei i to med saks og gir kvar kube ei halv plate til å begynne med.

Pollenerstatning (kvikkpoll) har eg aldri prøvd før, og enkelte meinar det ikkje er naudsynt, men no skal eg prøve å drivfôre litt no på våren, og sjå om eg ser noko skilnad på styrken frå åra før. Kjem i år til å vere ekstra streng med innskrenking av plassen for å halde dei varme.

Eg har i år kjøpt meg nokre nye botnbrett frå Kube.no på Sørlandet. Eg kjøpte 10 stk. i eit byggesett, og mala dei med oljemaling før eg spikra dei saman. Dei er lette og fine, og har eit lite flybrett for biene å lande på. Eg kjøpte med diagnosebrett av tre, og dette gjev god tetting og isolasjon under kubane no om våren, så eg har satt i diagnosebrett på alle dei nye botnane, og dei skal få stå på til rundt 17. mai tenkjer eg.

Byte av botnbrett skjedde akkurat i tide trur eg. Ein del var nok renska ut allerede, men det som var att var tørt og fint, og det kan me nok takke den tørre fine vinteren for.

PeVe botnbrett som eg erstatta med nytt frå Kube.no. Tørt og fint nedfall.

No er det berre å håpe på at vêret held seg nokolunde. Seljebløminga er rett om hjørnet.