Sesongstart 2018

Vinteren har vore tidvis kald, fin og tørr. Den har kanskje vore lenger enn den har vore dei siste åra. Den 12. April starta eg birøktsesongen 2018 ved å byte botnar, og fôre litt med pollenerstatning. Det er ca. to-tre veker seinare enn dei to førre åra i alle fall.

Kvikkpoll i plater. Eg klypper dei i to med saks og gir kvar kube ei halv plate til å begynne med.

Pollenerstatning (kvikkpoll) har eg aldri prøvd før, og enkelte meinar det ikkje er naudsynt, men no skal eg prøve å drivfôre litt no på våren, og sjå om eg ser noko skilnad på styrken frå åra før. Kjem i år til å vere ekstra streng med innskrenking av plassen for å halde dei varme.

Eg har i år kjøpt meg nokre nye botnbrett frå Kube.no på Sørlandet. Eg kjøpte 10 stk. i eit byggesett, og mala dei med oljemaling før eg spikra dei saman. Dei er lette og fine, og har eit lite flybrett for biene å lande på. Eg kjøpte med diagnosebrett av tre, og dette gjev god tetting og isolasjon under kubane no om våren, så eg har satt i diagnosebrett på alle dei nye botnane, og dei skal få stå på til rundt 17. mai tenkjer eg.

Byte av botnbrett skjedde akkurat i tide trur eg. Ein del var nok renska ut allerede, men det som var att var tørt og fint, og det kan me nok takke den tørre fine vinteren for.

PeVe botnbrett som eg erstatta med nytt frå Kube.no. Tørt og fint nedfall.

No er det berre å håpe på at vêret held seg nokolunde. Seljebløminga er rett om hjørnet.