Byte av botnbrett

I dag bytta eg bretta på mine kubar. Det var langt færre avlidne bier enn eg såg for meg. Det kan sjølvsagt vera at dei har rydda sjølv, men eg tvilar, sidan det har vore så kaldt og surt i det siste. Eg tok vekk dei daude biene, og fyrte i peisen med dei, og så brukte eg gassbrennaren min til å rense aluminiumsbrettet.

Bekymringane eg hadde for at det stod dårleg til i den eine kuben vart avkrefta. Full fyr i begge. Framleis god tyngde, og rikeleg med mat. Seongen snart i gong!