Birøktarkurs – første kurskveld

Då var eg endeleg i gong! Dei to første kurskveldane skal me møtast påLangegården rett over Rema 1000 på Fjøsanger. Rundt 30 sjeler dukka opp. Det var mykje ulike folk – både yngre og vaksne – frå ulike stader i og rundt Bergen.

Først introduserte me oss sjølve og fekk helsa på dei som skulle læra frå seg. I hovudsak så var det ein litt yngre kar som heitte Lars, og Alf-Helge fråSøylands Biegard, samt ein frå New Zealand som heitte Chris og ein frå Øygarden som heitte Andreas. Dei to siste forstod eg meir skulle vera som ‘assistentar’ og hadde ikkje eigne innlegg. Sidsel passa tida og organiserte.

Me fekk utdelt materiale til bruk under kurset. Det var det nye heftet til Norges Birøkterlag – “Mitt første år som birøkter” , oversikt over kursdatoar og praktisk informasjon, samt ei jubileumsbok frå hunderårsjubileet til Bergenske Birøkterlag.

Det var heilt tydeleg frå byrjinga av at dette var nybegynnargreier. Dei viste dei ulike delene av ein bikube, inkludert rammer med og utan voks. Og me fekk sjå ein røykpustar.

Lars gjekk igjennom dei ulike delane av bisamfunnet – arbeidsbier, droner og dronningar – kva formålet deira var og korleis det heng saman. Dette var strengt tatt noko eg visste om frå før, men det er greit med repetisjon.

Det blir meir spennande å få sjå det ‘live’ ute i bigarden. Etter ein pause med kaffi og drøs – og sjølvsagt smaksprøvar av lokal honning, tok Alf Helge over og fortalte om dei ulike trekkplantene me finn her på vestlandet – litt om plassering av bigarden og om ulike sjukdommar som kan oppstå.

Alf Helge snakka óg om dei mange ulike reglane for birøkt i Noreg. Du kan ikkje flytte bier frå eitt fylke til eitt anna på grunn av Varroa . No er det ikkje noko Varroa i Hordaland (sidan 2011 i alle fall) , og det ynskjer dei å halde fram med. Det viser seg dessutan at det kan bli problematisk å skaffe bifolk med det første. Det er ikkje lov å flytte bier mellom 1. Mai og 25. September på grunn av fare for spredning av Pærebrann. Det finst ei forskrift frå Mattilsynet om dette her. Eg veit ikkje heilt korleis eg kva eg skal gjera med dette – om eg ikkje får fatt i bier før 1. Mai i år, så vert det altså ikkje noko honning denne hausten. Då får eg dei ikkje i hus før eg må innvintre dei.