Mine blå kassar. Den øvste kassen til venstre har blitt fjerna etter biletet vart teke.
Birøkt på Almås
Mine blå kassar. Den øvste kassen til venstre har blitt fjerna etter biletet vart teke.
Då var det klart for tredje kurskveld – og fyrste besøk i ein bigard. Turen gjekk til Bjarte Tennfjord på Sotra – nærare bestemt Ebbesvik / Gavlen så langt vegen gjekk. Her skulle me gå igjennom kubane hans – sjå etter dronning – og gjere eventuelle naudsynte utvidingar (fjerne pakkveggar, setje på nye kassar).
Forskjellen på desse biene og dei eg traff på i dåfjorden helga før var stor. Desse var av typen Buckfast (ei kryssing), mens dei eg traff i Dåfjorden var av typen brun bie. Sotrabiene var sløve og enkle å ha med å gjera, mens vikingbiene til Onar var hissigare. Her kunne ein i teorien røkta utan særleg beskyttelse, noko som var heilt uaktuelt i Dåfjorden.
Det var god utvikling i dei fleste av kubane, og me tok ut pakkveggar og satte inn nye utbygde ramer på dei fleste. På enkelte måtte me på med ekstra kasse, men ikkje full kasse.
Inntrykket mitt er per no at dei fleste har to ynglekassar, sjølv om dei brukar heilkassar. Me satte altså ikkje på dronninggitter på noko.
I ein av kubane var me heldige og traff ei umerka dronning. Så Andreas Kårbø kunne instruere oss i dronningmerking med merkebur og heile pakken.
Dronninga vart fanga med dronningfangar som såg ut som ei hårklype. Den vart so putta oppi ein plastpose for å ikkje stikke av (den kan forresten ikkje stikke – då den ikkje har noko brodd), og så lurt oppi eit merkebur og trykt forsiktig opp mot gitteret med eit slags stempel med skumgummi på. Dronninga vart så malt grøn i nakken med ein merkepenn. Det er viktig å ikkje male ho i augene (ho likar seg best i mørkret, men det får vere grenser) eller på vingene. Etter merking vart ho lagt i merkeburet oppå rammene eit par minutt for tørking. Arbeidarbiene flokka seg rundt ho med ein gong.
Bjarte diska opp med bollar og saft (og god heimelaga mjød…..). Alt i alt ein hyggeleg ettermiddag der me endeleg fekk treffe på bier på ordentleg. Bjarte er forresten han som held bier på taket på Hotel Terminus i Bergen. Bergens Tidende laga eigen artikkel om det – og eit utdrag kan du laste ned her .
Tok meg eit par dagar fri i påska for å få helgane til å henge saman, og fann ut at det var på tide å prøve å skaffe til vegs noko utstyr – eg måtte i alle fall skaffe meg hanskar og jakke med slør til kursdagen på Sotra den 24.4. På kurset får du ein slik ‘rabattkupong’ på ein startpakke frå Honningcentralen med inntil 20% rabatt på utstyret du kjøper fyrste gongen. Denne inneheld det mest essensielle:
Eg kontakta då HC sin forhandlar her i Bergen – men det var lite utstyr han hadde på lager – så då vart eg desperat og ringte til ein forhandlar på Rennesøy.
Han kunne ta i mot meg og eg fekk det eg trengte der. Han hadde berre ferdigspikra halvrammer – så heilrammene vart det eit byggesett av. Då må dei spikrast og treast med tråd sjølv. Eg tenkte at det kunne vere eit fint prosjekt i påska. I tillegg fekk eg med meg ein slik elektrisk innsmeltar for festing av byggevoks til tavlene.
Det me har fått beskjed om på kurset er at det er lurt å male kassane både innvendig og utvendig for at dei skal halde lenger. Seinare har eg funne ut at det er slett ikkje alle som bryr seg med maling av kassar og det er til og med nokon som meinar det ikkje er bra. Eg malar i alle fall mine blå med bengalack.
Litt grisete vart det. Kost er ikkje å anbefala om du klarar å få fatt i ei skikkelig rulle. Vidare så brukte eg då påska på å få snikra saman og tredd rammene. Til halvkassen var dei ferdige og trengte berre innsmelting av voks – men heilrammene måtte snikrast saman. Det var kjekt dei fyrste tre gongene – så måtte eg ha radio og litt raud vin for å halde ut resten. Eg har enno ikkje funne noko rasjonell måte å legge inn og stramme tråd i rammene på – det er veldig klurete og ein blir sår på fingrane.