Innkjøp av utstyr

Tok meg eit par dagar fri i påska for å få helgane til å henge saman, og fann ut at det var på tide å prøve å skaffe til vegs noko utstyr – eg måtte i alle fall skaffe meg hanskar og jakke med slør til kursdagen på Sotra den 24.4. På kurset får du ein slik ‘rabattkupong’ på ein startpakke frå Honningcentralen med inntil 20% rabatt på utstyret du kjøper fyrste gongen. Denne inneheld det mest essensielle:

  • Kassar (to heilkassar og ein halvkasse)
  • Tilhøyrande rammer – ferdig spikra
  • Botnbrett
  • Bitømmebrett
  • Isolasjon
  • Dronninggitter
  • Toppforar
  • Bifor (ei bøtte på 16 kg)
  • Byggevoks
  • Kubeskrape
  • Røykpustar
  • Hanskar
  • Bidrakt / jakke med slør
  • Dronningfangar

Eg kontakta då HC sin forhandlar her i Bergen – men det var lite utstyr han hadde på lager – så då vart eg desperat og ringte til ein forhandlar på Rennesøy.

Han kunne ta i mot meg og eg fekk det eg trengte der. Han hadde berre ferdigspikra halvrammer – så heilrammene vart det eit byggesett av. Då må dei spikrast og treast med tråd sjølv. Eg tenkte at det kunne vere eit fint prosjekt i påska. I tillegg fekk eg med meg ein slik elektrisk innsmeltar for festing av byggevoks til tavlene.

Det me har fått beskjed om på kurset er at det er lurt å male kassane både innvendig og utvendig for at dei skal halde lenger. Seinare har eg funne ut at det er slett ikkje alle som bryr seg med maling av kassar og det er til og med nokon som meinar det ikkje er bra. Eg malar i alle fall mine blå med bengalack.

Litt grisete vart det. Kost er ikkje å anbefala om du klarar å få fatt i ei skikkelig rulle. Vidare så brukte eg då påska på å få snikra saman og tredd rammene. Til halvkassen var dei ferdige og trengte berre innsmelting av voks – men heilrammene måtte snikrast saman. Det var kjekt dei fyrste tre gongene – så måtte eg ha radio og litt raud vin for å halde ut resten. Eg har enno ikkje funne noko rasjonell måte å legge inn og stramme tråd i rammene på – det er veldig klurete og ein blir sår på fingrane.