Birøktarkurs – fjerde kurskveld 2014

Den 22. mai hadde me nytt treff med birøktarkurset – denne gongen på Stend rett bak den gamle jernbanestasjonen.

Temaet denne gongen var ‘vårarbeid’ , me skulle gå igjennom ein del kubar for å sjå etter svermeceller, og setja på skattekasse. Skattekassane satte me saman av ei blanding av utbygde tavler og tavler med byggevoks, samt at me flytta opp tavler frå den øvste ynglekassen som skulle innehalde ei blanding av pollen, nektar og gjerne litt yngel. Trikset var jo då å ikkje få med dronninga over dronninggitteret.

Me fann ein kube som var i sverming. Her flytta me gammal dronning over i ny kube og lot det stå igjen ei dronningcelle i den gamle.

 

Birøktarkurs – tredje kurskveld – bigard på Sotra

Då var det klart for tredje kurskveld – og fyrste besøk i ein bigard. Turen gjekk til Bjarte Tennfjord på  Sotra – nærare bestemt Ebbesvik / Gavlen så langt vegen gjekk. Her skulle me gå igjennom kubane hans – sjå etter dronning – og gjere eventuelle naudsynte utvidingar (fjerne pakkveggar, setje på nye kassar).

Forskjellen på desse biene og dei eg traff på i dåfjorden helga før var stor. Desse var av typen Buckfast (ei kryssing), mens dei eg traff i Dåfjorden var av typen brun bie. Sotrabiene var sløve og enkle å ha med å gjera, mens vikingbiene til Onar var hissigare. Her kunne ein i teorien røkta utan særleg beskyttelse, noko som var heilt uaktuelt i Dåfjorden.

Det var god utvikling i dei fleste av kubane, og me tok ut pakkveggar og satte inn nye utbygde ramer på dei fleste. På enkelte måtte me på med ekstra kasse, men ikkje full kasse.

Inntrykket mitt er per no at dei fleste har to ynglekassar, sjølv om dei brukar heilkassar. Me satte altså ikkje på dronninggitter på noko.

I ein av kubane var me heldige og traff ei umerka dronning. Så Andreas Kårbø kunne instruere oss i dronningmerking med merkebur og heile pakken.

Dronninga vart fanga med dronningfangar som såg ut som ei hårklype. Den vart so putta oppi ein plastpose for å ikkje stikke av (den kan forresten ikkje stikke – då den ikkje har noko brodd), og så lurt oppi eit merkebur og trykt forsiktig opp mot gitteret med eit slags stempel med skumgummi på. Dronninga vart så malt grøn i nakken med ein merkepenn. Det er viktig å ikkje male ho i augene (ho likar seg best i mørkret, men det får vere grenser) eller på vingene. Etter merking vart ho lagt i merkeburet oppå rammene eit par minutt for tørking. Arbeidarbiene flokka seg rundt ho med ein gong.

Bjarte diska opp med bollar og saft (og god heimelaga mjød…..). Alt i alt ein hyggeleg ettermiddag der me endeleg fekk treffe på bier på ordentleg. Bjarte er forresten han som held bier på taket på Hotel Terminus i Bergen. Bergens Tidende laga eigen artikkel om det – og eit utdrag kan du laste ned her .