Birøktarkurs – tredje kurskveld – bigard på Sotra

Då var det klart for tredje kurskveld – og fyrste besøk i ein bigard. Turen gjekk til Bjarte Tennfjord på  Sotra – nærare bestemt Ebbesvik / Gavlen så langt vegen gjekk. Her skulle me gå igjennom kubane hans – sjå etter dronning – og gjere eventuelle naudsynte utvidingar (fjerne pakkveggar, setje på nye kassar).

Forskjellen på desse biene og dei eg traff på i dåfjorden helga før var stor. Desse var av typen Buckfast (ei kryssing), mens dei eg traff i Dåfjorden var av typen brun bie. Sotrabiene var sløve og enkle å ha med å gjera, mens vikingbiene til Onar var hissigare. Her kunne ein i teorien røkta utan særleg beskyttelse, noko som var heilt uaktuelt i Dåfjorden.

Det var god utvikling i dei fleste av kubane, og me tok ut pakkveggar og satte inn nye utbygde ramer på dei fleste. På enkelte måtte me på med ekstra kasse, men ikkje full kasse.

Inntrykket mitt er per no at dei fleste har to ynglekassar, sjølv om dei brukar heilkassar. Me satte altså ikkje på dronninggitter på noko.

I ein av kubane var me heldige og traff ei umerka dronning. Så Andreas Kårbø kunne instruere oss i dronningmerking med merkebur og heile pakken.

Dronninga vart fanga med dronningfangar som såg ut som ei hårklype. Den vart so putta oppi ein plastpose for å ikkje stikke av (den kan forresten ikkje stikke – då den ikkje har noko brodd), og så lurt oppi eit merkebur og trykt forsiktig opp mot gitteret med eit slags stempel med skumgummi på. Dronninga vart så malt grøn i nakken med ein merkepenn. Det er viktig å ikkje male ho i augene (ho likar seg best i mørkret, men det får vere grenser) eller på vingene. Etter merking vart ho lagt i merkeburet oppå rammene eit par minutt for tørking. Arbeidarbiene flokka seg rundt ho med ein gong.

Bjarte diska opp med bollar og saft (og god heimelaga mjød…..). Alt i alt ein hyggeleg ettermiddag der me endeleg fekk treffe på bier på ordentleg. Bjarte er forresten han som held bier på taket på Hotel Terminus i Bergen. Bergens Tidende laga eigen artikkel om det – og eit utdrag kan du laste ned her .

Besøk i Dåfjorden

Andre påskedag fekk eg koma på besøk i bigarden til Onar i Dåfjorden. Han skulle sjå om han kunne skaffe til vegs ein avleggar eller to – og eg fekk lov å vera med når han opna kubane for sesongen.


Me gjekk igjennom 16 kubar som stod nær huset hans, og fann egg, open yngel (larvar) og lukka yngel i samtlege utanom ein. Alle utanom ei dronning hadde altså overlevd vinteren og var i gong med oppbygging av bifolket. Den som mangla dronning vart foreina med ein annan kube.

Eg fekk sjå kva for ein kube han hadde etla som avleggar til meg. Me avtalte at eg fjorten dagar seinare skulle ringe han, og høyre om dei var kome seg opp nok i styrke til at me kunne flytte dei.

IMG_20140421_122052